1909
Utsjånad
| 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1909 (romartal MCMIX) var eit normalår som byrja på ein fredag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein torsdag i den julianske kalenderen.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 9. januar: Nimrod-ekspedisjonen leia av Ernest Shackleton nådde det sørlegaste punktet nokon ekspedisjon hadde vore, 88°23' S, før han måtte snu grunna minkande ressursar.[1]
- 24. januar: RMS «Republic» frå White Star Line gjekk ned dagen etter ein kollisjon med SS «Florida» utanfor Nantucket. Nesten alle dei 1 500 passasjerane blei redda.
- 6. april: Robert Peary, Matthew Henson og fire inuittar – Ootah, Ooqueah, Seegloo og Egigingwah – kom fram til nokre miles unna Nordpolen.[2]
- 13. april: 31. mars-hendinga (31. mars etter rumikalenderen), eit opprør mot det nye styret til den ungtyrkiske Sameining og framskritt-unionen, byrja i Det osmanske riket.
- 13. april: Adanamassakren. Osmanske tyrkarar drap 15 000–30 000 armenarar i Adana vilayet.
- 19. april: Anglo-Persian Oil Company (forløparen til BP) blei skipa.
- 28. april: Sultan Abdul Hamid II av Det osmanske riket blei avsett og etterfølgd av bror sin, Mehmed V.
- 25. juli: Louis Blériot gjennomførte den første flyginga over Den engelske kanalen.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 27. november. Bergensbanen blei opna.
- Kari og Nils H. Lerum starta den første kommersielle produksjonen av saft i den veglause bygda Sørheim i Luster kommune. Verksemda skulle seinare utvikle seg til hushaldingskonsernet Lerum Fabrikker, med hovudsete i Sogndal.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde i 1909.
- 30. januar: Lars Bergendahl, norsk skirennar
- 30. mai: Benny Goodman, USA-amerikansk jazzmusikar
- 19. juni: Otto Nielsen, norsk programskapar
- 28. juni: Alf Hellevik, norsk språkgranskar
- 17. juli: Knut Fægri, norsk botanikar
- 18. juli: Andrej Gromyko, sovjetisk utanriksminister
- 27. august: Lester Young, USA-amerikansk jazzmusikar
- 21. september: Kwame Nkrumah, ghanesisk statsleiar
- 13. oktober: Art Tatum, USA-amerikansk jazzmusikar
- 20. november: Olav Strømme, norsk målar
Døde
[endre | endre wikiteksten]
- Sjå òg Døde i 1909.
- 20. januar: Torkel H. Aschehoug, norsk rettsfilosof, sosialøkonom og politikar
- 24. mars: John Millington Synge, irsk forfattar
- 8. april: Venceslaus Ulricus Hammershaimb, færøysk prest/filolog og opphavsmann til det moderne færøyske skriftspråket
- 24. juli: Vilhelm Andreas Wexelsen, norsk prest og politikar
- 21. november: P.S. Krøyer, dansk målar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Morris, Charles (1909). Finding the North Pole. W. E. Scull. s. 448–49.
- ↑ "North Pole." Arkivert 21. februar 2014 ved Wayback Machine. The Explorer's Club. Vitja 5. februar 2014.
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>